Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Landbrukspolitisk konferanse 2017 "Klimasmart landbruk - Parisavtalen ned på jorda" blei arrangert i Stavanger 20. mars. Her finn du lysarka frå konferansen.
24.03.2017
Nær 32 av 41 millionar kroner av landbruket sine investeringsmidlar i Rogaland (IBU-midlane) i 2016 gjekk til byggeprosjekt for storfe og mjølkekyr. Dette er ein auke på om lag 22 prosent frå året før.
EU-regelverket for økologisk produksjon gjelder i Noreg med verknad frå 18.mars 2017. Dermed er rammene og konkurransevilkåra for økologisk produksjon like med EU. Det er spesielt viktig dersom verksemder ønsker å eksportere økologiske produkt.
23.03.2017
Landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2016 blei i dag delt ut til Stephanie og Dagfinn Birkeland frå Sauda.
20.03.2017
Rundt 90 stykk ville lære meir om urban dyrking i Stavanger 14. mars. Arrangørane er nøgde med at interessa er aukande også på Jæren.
16.03.2017
Fylkesordføraren og Fylkesmannen vil ha statlege arbeidsplassar innan landbruksforvaltinga til Rogaland. Dette kjem fram av eit felles brev dei i dag sender til sentrale styresmakter.
13.03.2017
Visste du at kvar tredje skogeigar i Noreg er kvinne? Fleire og fleire kvinner overtek eigedomar med skog, noko som betyr at norsk skogbruk har gått frå å vere mannsdominert og svært fysisk tungt, til å bli meir likestilt og maskinelt drive.
08.03.2017
Fylkesmannen ønskjer forslag til kommunar som fortener nasjonal jordvernpris 2017.
28.02.2017
Har du lyst å dyrke din eigen mat, men veit ikkje heilt korleis du skal setje i gong? Kom på møte om urban dyrking, tirsdag 14.mars 2017 i Stavanger.
14.02.2017
8. februar møtte skogforvalting, næring og organisasjonar kvarandre på Statens Hus for å diskutere aktuelle satsingsområde i 2017. Skogkultur og ny miljøstandard var hovudtema.
Eit nytt treårig prosjekt er sett i gang for å styrke planlegginga av skogsvegar i fylket. Vi oppfordrer alle som går med planar om å bygge veg om å nytte seg av vegplanleggaren som er tilsett i perioden.
10.02.2017
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har i tildelingsbrev for 2017 gitt Fylkesmannen i Rogaland i oppgåve å formidle strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar. Midlane blir forvalta av Innovasjon Norge, og skal bli brukt til å støtte investeringar i landbruket.
03.02.2017