Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det er i 2017 mogleg å søkje Innovasjon Norge om tilskot til bygging av gjødsellager for husdyrgjødsel. Ordninga gjeld for føretak i nedslagsfelta til utvalde vassdrag. Søknadsfristen er 1. mars, og då må nødvendige tillatingar frå kommunen vere på plass.
02.02.2017
Rogaland vil få større utfordringar med regnflaumar, meir overvatn, fleire skred og høgare havnivå. Norsk klimaservicesenter publiserte i dag ein klimaprofil for fylket, som skal gjere det enklare for planleggjarar å ta omsyn til klimaendringane. Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga.
01.02.2017
Landbruks -og matdepartementet har i to saker om vinterskade på eng i 2013 gjort vedtak om ny behandling hos Fylkesmannen i Rogaland. Departementet sine presiseringar av regelverket gjer at Fylkesmannen vil behandle ei rekke avviste og avslåtte saker på nytt.
Biogass og beiteressursar er sentrale tema når statsråd Jon Georg Dale besøker Rogaland i dag.
30.01.2017
Produksjonstilskot for søknadsomgangen i august 2016 blir utbetalt frå Landbruksdirektoratet onsdag 1. februar. Dei fleste vil ha pengane på sin konto innan fredag 3. februar. Tilskot frå regionalt miljøprogram (RMP) blir utbetalt 22. februar.
Halvparten av bingearealet skal være tett. Dato for når krava skal bli innfridde er framleis uavklart. Samstundes er det viktig at produsentane gjer førebuingar med eingong, då det ikkje vil bli nokon overgangsperiode.
27.01.2017
Ved årsskiftet vart ei ny lov om erstatning for naturskader sett i kraft. Det er gjort endringar i måten å søkje om erstatning. Søknader skal no sendast til Landbruksdirektoratet.
26.01.2017
Meir enn 65 gardbrukarar, skuleelevar og andre interesserte deltok på kurs forrige veke for å lære meir om gardsvarmeanlegg og sal av varmetenester. Interessa for dette er aukande over heile fylket, og med både små og store anlegg i drift begynner vi å se resultat av fleire år med satsing på trebasert bioenergi i fylket.
25.01.2017
I den nye jordbruksmeldinga er det ønskje å stimulere til meir bruk av utmark. Her finn du informasjon om kor mykje bøndene i Rogaland henter i utmarksbeitetilskot kontra generelt beitetilskot.
24.01.2017
Prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima- og miljøområdet kan få økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Rogaland. Frist for å søkje er 15. mars.
Tradisjonen tro blir det stormøte i Varhaug idrettshall med landbruks- og matministeren til stades. Dale vil snakke om den nye jordbruksmeldinga, Meld.St. nr 11(2016-2017)- Endring og utvikling.
23.01.2017
Ved berekning av tilskot til veterinære reiser bruker Fylkesmannen avstanden frå nærmaste verinærføretak som grunnlag. Det vikig å understreke at gardbrukarane står fritt til å velje kven av veterinærane dei vil bruke.
20.01.2017