Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Kvinner i Skogbruket har starta nytt fylkeslag i Rogaland, og ønsker å bidra til at kvinnelege skogeigarar skal lære meir om eigen skog. Laget inviterer til lokalsamling på Preikestolen Fjellstue 19. og 20. november.
17.10.2016
11 potensielle, nye og erfarne fruktdyrkarar frå Rogaland reiser til Bolzano i Sør-Tyrol i slutten av november for å få med seg det siste nye innan fruktdyrking. Under messa Interpoma 2016 vert det både fagleg påfyll i form av seminar og besøk hos fruktdyrkarar.
12.10.2016
Mange bedrifter har behov for å ha eigne heimesider. Facebook er for nokre eit alternativ til heimesider, men ofte er det ikkje nok. Bli med på kurs og la verksemda di få ny heimeside. Saman med skape.no vert det måndag 24.oktober og tysdag 25.oktober arrangert eit kurs på Jørpeland for bønder og andre verksemder
Torsdag 13.oktober 2106 kl 1100-1400 vert det ope dag hos Arnhild Erevik og Egil Byberg på Oanes i Forsand. Dei har bygd eit langt, smalt og heilt ope fjøs på Oanes med mjølkerobot, ventilasjonsgardiner, velferdsavdeling for kyr som treng ekstra tilsyn, mekanisk gjødseltrekk med urindrenering og utvendig forbrett som er hydraulisk styrt.
10.10.2016
Vi inviterer til inspirasjonsføredrag og dialog om korleis vi kan organisere og planlegge for denne vaksande interessa med å dyrke byane i regionen vår.
Frå i haust innfører Innovasjon Norge to årlege søknadsfristar for landbruksmidlar som skal nyttast til investeringar innan tradisjonelt landbruk i Rogaland. Dei strategiske prioriteringane for 2016 blir ført vidare.
26.09.2016
Regjeringa føreslår store endringar av konsesjonslova. Mange fleire jord- og skogeigedommar vi bli utan konsesjonsplikt eller priskontroll. Fylkesmannen i Rogaland rår frå endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova slik høyring og konsekvensutgreiinga er til nå.
22.09.2016
Stadig meir økologisk mat blir importer til Noreg. Vil du vere med på å snu utviklinga? Det er mogleg å leggje heile eller delar av garden om til økologisk drift. Tenk om du hadde dyrka øko-grønsaker på din gard med elles vanlig drift? Eller begynt med økologiske ammekyr? Bondelaget med fleire inviterer til fagdag om økologisk landbruk tysdag 27. september på Øksnevad VGS.
12.09.2016
ØKOUKA i Rogaland går av stabelen frå 24. september til 1.oktober 2016 i Stavanger og på Haugalandet. Vil du lære å bake surdeigsbrød? Høre om urbant landbruk? Besøke ein økologisk gard? Du har over 20 arrangement å velje i!
09.09.2016
Det er sterk konkurranse om rogalandsbonden. Då er det flott at slakteria samarbeider om å få opp produksjonen av storfekjøt i fylket. Satsinga fokuserer både på riktig bruk av kalvane frå mjølkeproduksjonen, og på å få opp ammekutalet.
07.09.2016
Fruktbøndene har i dei siste to åra blitt prioritet ved tildeling av investeringstilskot frå Innovasjon Norge. Resultata så langt er svært lovande, og marknaden etterspør stadig meir. Derfor vil styresmaktene oppretthalde prioriteringa.
01.09.2016
Her finn du oversikt over planlagde møte, kurs og seminar der tilsette i kommunal landbruksforvaltning er målgruppa.