Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen og Mattilsynet har i seinare tid arbeidt med å betre informasjonsutvekslinga mellom etatane slik at dyrevelferdssaker kan bli følgt opp ved behandling av produksjonstilskot. Felles mål er at arbeidet skal ha ein preventiv verknad, og bidra til at pågåande regelverksbrot blir retta opp så fort som mogleg. Vårt inntrykk er at både kommunane og Mattilsynet er positive til samarbeidet
24.06.2016
Fylkesmannen, Naturvernforbundet og Skogselskapet i Rogaland arrangerte søndag 19. juni skogdag ved Mosvatnet i Stavanger. Dagen hadde namnet «den utrulege skogen», der både små og store fekk lære meir om skog og bruk av tre.
23.06.2016
Fylkesmannen gjer om vedtak der Randaberg kommune har gitt konsesjon til tre gardbrukarar for kjøp av tilleggsjord.
22.06.2016
Nytt liv i gamle veksthus gjer at dei tidlegaste morellane blir hausta allereie første veka i juni. Med ulike sortar er tanken å kunna hausta veksthus-morellar frå mai til september. Geirmund Helgøy på Helgøy er ein av dei som satsar.
21.06.2016
Vekstsesongen i Rogaland har starta godt for alle vekstar. Så langt er det lite som tyder på avlingsskader. Vi vil likevel minne om vilkåra for erstatningsordninga for klimabetinga skader. For å få erstatning er det eit absolutt krav om at du må gje melding til kommunen straks du blir klar over at ein klimabetinga skade har skjedd, eller vil oppstå.
17.06.2016
Utmarksnæringa bidrar med nær 50 mill kr i verdiskaping for rogalandske bønder. Dei to andre store innan tilleggsnæring er leigekjøyring og utleige.
16.06.2016
Mattilsynet har utarbeida ein ny rettleiar som gir oversikt over viktige krav som gjeld for dei som brukar plantevernmiddel, og for dei som produserar, importerar eller sel plantevernmiddel.
15.06.2016
Måndag 20. juni blir det fagdag om plansiloar på Jæren. Silosaft på avvegar vil raskt føre til problem i vassdraga. Målet med dagen er å sjå på gode løysningar for handtering av pressaft, regnvatn og logistikk rundt anlegga.
14.06.2016
Produksjons- og avløysartilskot for søknadsomgangen i januar 2016 blir utbetalt frå Landbruksdirektoratet onsdag 1. juni. Dei fleste vil ha pengane på sin konto innan fredag 3. juni.
31.05.2016
Rogaland er det suverent største fylket innan matproduksjon i Norge. Rundt 17 000 personar er sysselsette i matnæringa. Men kor store verdiar blir eigentleg skapte?
25.05.2016
Andelslandbruk? Nabohage? Byhage? Pallekarm på tak? Initiativa er mangfaldige. Felles er at forbrukarane deltar aktiv i matproduksjonen og deler på avlingane: Medlemskap eller årsavgift versus kilopris per produkt.
24.05.2016
Haugaland landbruksrådgjeving arrangerer fagdag på Park Inn hotell, ved Haugesund lufthamn Karmøy den 3. juni 2016. Det blir lagt særleg vekt på praktiske spørsmål, som organisering av beitedrifta, og skjøtselserfaringar frå dei siste åra blir oppsumert.
11.05.2016