Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Kravet om å søkje dispensasjon gjeld dei som vil spreie husdyrgjødsel på grasmark utan å molde ned gjødsla. Det er kommunen behandlar søknadane.
31.08.2016
Lise Brunborg frå Stavanger ysteri er ein meistar til å yste ost. Er du like gira som ho til å prøve ut nye mjølkeprodukt, så bli med på ystekurs i november.
29.08.2016
Landbruks- og matministar Jon Georg Dale opna i dag eit av Noregs største og mest moderne produksjonsanlegg for kjøtvarer hos Fatland i Ølen.
26.08.2016
Fylkesmannen tek klaga til følgje i to saker der kommunen avslo tilskotssøknadane. Kommunen avslo søknadane fordi dei meiner at føretaka ikkje driv vanleg jordbruksproduksjon sidan dei ikkje eig eller leigar jord i tråd med vilkåra for å oppfylle driveplikta ved bortleige.
24.08.2016
Gartnerhallen treng fleire økoprodusentar, ØKOUKA i Rogaland, Ystekurs på Helleland, Urbant landbruk og Oikos Rogaland på Agrovisjon
22.08.2016
Lasse Sagård frå Bjørheimsbygd byttar ut sauane med ammekyr. Og nytt storfefjøs er bevisst plassert i ein skråning for å spare dyrka jord og beite.
16.08.2016
Skogselskapet i Rogaland ønskjer i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Gjesdal kommune velkomen til seminar og årsmøte 14. -15. september i Gjesdal kommune. Tema i år er «Arealbruk i ei grøn framtid».
11.08.2016
Utsettinga gjeld føretak som vil søkje tilskot frå regionalt miljøprogram til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel. Fristen blei først utsett til 20. august, men dei store nedbørsmengdene har gjort det nødvendig med ytterlegare utsetting.
10.08.2016
Søknaden kan leverast elektronisk via Altinn eller i papirformat til kommunen. Det er kommunen som behandlar søknaden, og som svarar på spørsmål om ordninga.
09.08.2016
28. september inviterer Distriktssenteret og IMDi til eit nasjonalt seminar om inkludering av innvandrarar i arbeidsliv og samfunn. Arrangementet er retta mot ordførarar, rådmenn, kommunale leiarar og fagpersonar som jobbar med feltet.
04.08.2016
Nesten alle kommunane i Noreg har no sagt seg viljuge til å ta i mot flyktningar og medverke til busetting og integrering. Norskopplæringa blir særs viktig, og det blir oppmoda til at denne opplæringa i større grad må skje på arbeidsplassar og stader som vil opplevast relevante for deltakarane.
No er det tid for å søkje om tilskot frå Regionalt miljøprogram. Her kan landbruksføretak mellom anna søkje tilskot til skjøtsel av bratt areal, vedlikehald av ferdselsårar, kulturminne og tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Siste frist er 20. august.
03.08.2016