Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det er påvist fugleinfluensa i Finland, Russland, Danmark og Sverige. Risikoen for smitte til Norge er rekna som låg.
26.11.2016
På innføringskurset om ysting og foredling av rå mjølk får du grunnleggjande kunnskap om foredling av upasteurisert mjølk.
17.11.2016
Nyleg arrangerte Fylkesmannen m.fl. skogdag i Eigersund med nytte og lønnsemd av skogsbilvegar som tema. I eit intervju med Kystskogbruket kan du lese meir om vegen som blei besøkt, og kvifor gode vegløysinger kan være viktig å tenke på før ein planlagd hogst.
15.11.2016
Det har vore ein overveldande respons på våre mjølkeforedlingskurs. 40 deltakarar har hatt gleda av å bli lært opp av den kjende ystaren Lise Brunborg frå Stavanger ysteri.
Berntsen fekk overrekt prisen av Landbruks- og matminister Jon Georg Dale under Ung bonde- samlinga i Oslo 12. november. - Ein spannande ung bonde som satsar litt utanfor den tradisjonelle boksen. Berntsen er ein del av eit godt og livskraftig jordbruk i Hå. Landbruksdirektøren i Rogaland gratulerer Berntsen med velfortent pris.
14.11.2016
Engasjerte kommunepolitikarar lærte meir om jordvern og areal- og eigedomsforvaltning i landbruket gjennom fire regionale samlingar.
10.11.2016
Laurdag 29. oktober blei det under Agrovisjon arrangert eit fagmøte om storfe. Gjekk du glipp av møtet, eller ønskjer å friske opp kva som blei sagt, kan du her sjå lysarka som blei brukt.
04.11.2016
Fire bønder frå Hjelmeland ønsker å få registrert lam frå Ryfylkeheiane som ei beskytta geografisk nemning. Målet er å ivareta tradisjonen med utmarksbeite i regionen, samt å få ut ein meirpris for lamma. Saueprodusentar frå heile Ryfylke vert invitert til informasjonsmøte 10. januar 2017.
28.10.2016
Laurdag 29. oktober under Agrovisjon kan du komme og gå- og høyre på det som passar deg om produksjon av storfekjøt. Korleis bruke kalvane og få mest mogleg kjøtproduksjon på mjølkebruk? Er det lønsamt å investere i ammeku? Er døme på tema som blir tatt opp.
27.10.2016
Utstillinga i år er Agrovisjon si største med heile 20 000m2 utstillingsareal. Under Agrovisjon vil det vere livdyrauksjon, ponnyridning og faglege arrangement. Til konferansen kjem mellom anna leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og administrerande direktør i Landbruksdirektoratet Jørn Rolfsen.
26.10.2016
Det er ikkje lenger eit spørsmål om det grøne skiftet skal skje, men korleis. Skogbruket og trenæringa blir viktige næringer i den nye, grøne økonomien. For å nå Skog 22 sin ambisiøse målsetting om firedobla verdiskaping og auking av CO2-opptak, trengs meir forsking og utvikling.
21.10.2016
Kommune- og regionreforma har gjort det nødvendig for regjeringa å vurdera fylkesmannsstrukturen. I sommar blei den førebelse rapporten sendt på innspelsrunde. Fylkesmannen i Rogaland meiner at Rogaland framleis må ha eigen fylkesmann.
17.10.2016