Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen gjer om eit vedtak der Klepp kommunen har gitt dispensasjon for omdisponering av 36 dekar dyrka jord til juletreproduksjon.
26.04.2016
Tysdag 3. mai inviterer Forsand kommune, Fylkesmannen, Bygdeutvikling i ytre Ryfylke og Lysefjorden utvikling til møte om landbruket ved Lysefjorden.
25.04.2016
Rogaland har ein særs god føresetnad for å bli stor på biogass med ein årleg produksjon på rundt 3 millionar tonn husdyrgjødsel. Bønder blir oppfordra til å vurdere foredlingsanlegg for husdyrgjødsel.
21.04.2016
Tilskot til drenering har vore avgrensa til tidlegare drenert fulldyrka jord. Frå 1.1.2016 er forskrifta endra til òg å omfatte alt planert areal uavhengig av om dette har vore drenert eller ikkje.
14.04.2016
4H Rogaland har ledige plassar på kurs. Inn på tunet 15. -17. april og Pelsdyr 22.-24. april. Målgruppa er ungdom med interesse for naturbruk og matproduksjon.
11.04.2016
Retningslinene for tilskot til taubane og skogsvegar er nyleg revidert, og gjeld frå 1. april 2016.
Storfesatsinga i Rogaland inviterer til besøk av 3 gardsbruk som har satsa på ammekuproduksjon på ytre Haugalandet laurdag 30 april. Fokus for dagen er bygg og byggekostnad.
06.04.2016
Mange bedrifter har behov for å ha eigne heimesider. Facebook er for nokre eit alternativ til heimesider, men ofte er det ikkje nok. Bli med på kurs og la verksemda di få ny heimeside. Saman med skape.no vert det 12. og 14.april arrangert eit kurs på Jørpeland for bønder og andre verksemder.
05.04.2016
Laurdag 9.april 2016 kan du lage din eigen ost på Landa på Forsand. Lise Brunborg frå Stavanger Ysteri er kurshaldar og vil gi både praktisk og teoretisk fagleg påfyll for deltakarane.
La oss berre slå det fast med ein gong på ein dag som dette. Dette er ikkje ein aprilspøk. Frå 1. april er Geir Skadberg ny landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland.
01.04.2016
Vi har fått inn mange gode søknadar og er snart tomme for midlar. Potten er på kr 4 800 000,- og midlane er mellom anna gitt til tiltak som skal utvikle tidleggrønsaker, kvalitetskålrot, bier og honning, fleire lausdriftsfjøs og meir aktivt skogbruk.
30.03.2016
Debio har lansert eit nytt merke som matvarehandelen kan bruke for å marknadsføre økologisk mat. Tidlegare var merkeordninga øyremerka serveringsstader. Nå kan både butikkar og serveringsstader bruke same merke for å synleggjere økologisk mat.
29.03.2016