Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Frå Stavanger i nord til Eigersund i sør bur 18 % av innbyggarane i gåavstand til jernbanestasjon. Det viser ei utrekning Fylkesmannen i Rogland har gjort. Dette utgjer 46 701 innbyggarar. Transformasjon og fortetting i byområde Stavanger og Sandnes og i «stasjonsbyane» på Jæren vil kunne auke denne andelen.
18.01.2016
1853 føretak søkte i 2015 om tilskot til miljøtiltak frå Regionalt miljøprogram i Rogaland. Det var godt samsvar mellom søknadsomfang, førebelse tilskotssatsar og økonomisk ramme.
15.01.2016
Denne søknadsomgangen er det nye rutinar for å søkje om avløysartilskot. Vi ser at mange har gløymt å føre opp utgifter til lønn, og berre fører opp arbeidsgivaravgift.
Fylkesmannen i Rogaland har i år kr 550 000 til prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima - og miljøområdet.
14.01.2016
Fristen for å søkje om produksjonstilskot i jordbruket er onsdag 20. januar. Hugs å få med alle opplysningane når du søkjer - å etterregistrere utegløymte opplysningar, blir rekna som innsending av ny søknad. Etter fristen blir søknadar trekt med kr 1000 per dag.
11.01.2016
Mattilsynet, Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet har oppdatert sine smittevernråd for MRSA. Dei nye smittevernråda vidarefører og understreker ambisjonen om å halda den norske husdyrproduksjonen fri for MRSA. Råda om testing for MRSA av personar som skal arbeide med husdyr er utvida.
08.01.2016
Det er i 2016 mogleg å søkje Innovasjon Norge om tilskot til bygging av gjødsellager for husdyrgjødsel. Ordninga gjeld for føretak i nedslagsfelta til utvalde vassdrag. Søknadsfristen er 1. mai, og då må nødvendige tillatingar frå kommunen vere på plass.
06.01.2016
Mjølkeproduksjonen bør i hovudsak vere basert på lokalt ressursgrunnlag, og ikkje vere for sårbar med omsyn til innkjøp av fôr og store køyreavstandar til leigd areal. Dette er utgangspunkta for tilskot til etablering av nye kufjøs.
05.01.2016
Haugaland landbruksrådgjeving og Fylkesmannen inviterer til kveldsmøte om småskala grønsaksproduksjon utan kjemi. 13. januar i Aksdal.
04.01.2016
Driv du gard og dyrkar grønsaker utan bruk av kjemi, eller har du planer om det? Da kan dette seminaret på Øksnevad 13. januar vere noko for deg!
Skogselskapet i Rogaland har kjøpt kontorlokale i Pedersgata i Stavanger. Her dei vil bygge opp eit fellesskap saman med blant anna 4H Rogaland. Skogselskapet, Hageselskapet og 4H er organisasjonar som i lange tider har hatt fast kontorplass hos Fylkesmannen, men som må finne nye lokale når ordninga blir avvikla.
Korleis skal kommunane gå fram for å halde oppsyn med vasskvaliteten i deira vassdrag? Rogaland fylkeskommune inviterer til seminar om overvaking av vassdrag, 9. februar på Scandic Stavanger city i Stavanger.
29.12.2015