Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Her finn du faktaark om landbruket i dei ulike kommunane i Rogaland. Faktaarka er laga av Fylkesmannen i Rogaland ut i frå m.a. søknad om produksjonstilskot.
30.11.2015
Kravet til gjødslingsplan kjem når føretaket har jordbruksareal, og kan søkje produksjonstilskot. Ein del med sau har einsidig eng-produksjon og relativt svak gjødsling. Kommunane kjem då fort inn i ei vurdering av kravet til gjødslingsplan.
27.11.2015
Tilskot til bygging av sauehus skal ikkje ha prioritet i 2016. Det slo den regionale landbrukspartnarskapen fast på nytt i eit møte om Innovasjon Norge sin bruk av bedriftsretta landbruksmidlar.
24.11.2015
Å etterregistrere utegløymte opplysningar i søknad om produksjonstilskot, blir rekna som innsending av ny søknad. Det presiserer Landbruksdirektoratet i eit nyleg utsend brev. Konsekvensane for utmåling av tilskot kan bli store, og vi oppmodar derfor alle til å bruke god tid når dei fyller ut søknaden.
19.11.2015
Lena og Geir Joa som driv Joa Jordbær på Sola er verdige vinnarar av Bygdeutviklingsprisen 2015 for Rogaland. Dei har satsa hardt på eit nytt konsept for produksjon og på fornying av driftsapparatet.
18.11.2015
Fylkesmannen har etter påtrykk frå Landbruks- og matdepartementet endra prioriteringane av kven som kan få tilskot til investeringar til nye kufjøs på Jæren.
13.11.2015
Kartportalen er no opna for registrering av spreieareal igjen. I husdyrfylket Rogaland er det viktig at gardbrukarane og forvaltninga har god oversikt over kva beite som er godkjend for spreiing av husdyrgjødsel. Temakartportalen vil her vere til god hjelp.
"Gjerdekyvarane er ei fantastisk ordning" Vi har henta inn nokre av kommunane sitt syn på gjerdeklyvarane i landbruket sitt kulturlandskap.
10.11.2015
Nettverksbygging, erfaringsutveksling og samarbeid mellom flisprodusentar og utbyggjarar som nyttar bioenergi frå Rogaland, og danske verksemder i Midt Jylland er tema på ein studietur 17. og 18. desember 2015. Fristen for å melde seg på er allereie fredag 13. november.
Kvar går terskelen for lønsam drift av leigejord? NIBIO har i sin rapport om kjørekostnadar i mjølkeproduksjon sett på korleis kostnadsnivået utviklar seg med ulike leigeprisar og kjøreavstandar.
05.11.2015
Fylkesvinnar i konkurransen Gylne Måltidsøyeblikk, Blidensol sjukeheim frå Stavanger, går vidare til den nasjonale konkurransen.
Det er forventa at mange vil søkje økonomisk støtte til investeringar på gardsbruk i Rogaland. Innovasjon Norge inviterer 11. november til møte om bruk av dei bedriftsretta landbruksmidlane i 2016.
02.11.2015