Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Med endra forskrift er øvre aldersgrense på 70 år innført på nytt. Det har også skjedd endringar i reglane for far sin permisjon i samband med fødsel.
09.07.2015
Kaldt og vått ver denne våren og sommaren kan gjere det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid i beitetilskota. Fylkesmannen kan dispensere frå krava, men tilrår at bøndene venter med å søkje dispensasjon til dei ser korleis hausten blir.
08.07.2015
Ny forskrift om plantevernmidler tredde i kraft 1. juni. No er det ikkje lengre tillate å sprøyte nærare vatn enn 3 meter. Føretak som ønskjer å få bukt med problemugras i kantsoner og åkerholmar må søkje kommunen dersom dei vil nytte plantevernmiddel. I tillegg er krava til journalføring blitt meir omfattande.
07.07.2015
Fleire er i år forseinka med vårvinna på grunn av mykje nedbør og blaute areal. For å få erstatning er det eit absolutt krav at føretaket gir melding til kommunen straks du blir klar over at skade har skjedd eller kan oppstå.
01.07.2015
Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering for Vats- og Yrkesfjorden. - Me lyttar til kommunen sine ønske om å leggja til rette for arbeidsplassar og verdiskaping i Vindafjord, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
24.06.2015
5. juni kom Landbruks- og matdepartementet si Stortingsmelding «Garden som ressurs – marknaden som mål».
22.06.2015
Statsråd Sylvi Listhaug har sett i gang ein landsomfattande mat- og måltidskonkurranse der alle sjukeheimar i landet blir inviterte til å delta. Konkurransen "Gylne måltidsøyeblikk" ønskjer å bidra til auka matlyst og god atmosfære rundt måltida.
19.06.2015
Planting av skog på nye areal, er eitt av tiltaka i klimaforliket som Stortinget vedtok i 2012. Rogaland er nå peika ut som eitt av tre pilotfylke i ei treårig satsing.
17.06.2015
For å få til ei lokal løysing, har Fylkesmannen føreteke ei ny og samla vurdering av motsegner som ikkje er løyste.
15.06.2015
Den nye forskrifta, som blir gjeldande frå 1. juli 2015, er enklare og tydelegare enn den gamle. Fleire tiltak kan byggjast utan søknad og løyve frå kommunen. Det er strengare krav til søknaden når det gjeld fare for skade ved flaum, erosjon og skred.
07.06.2015
Støtteordninga for vinterskade på eng blei avvikla ved jordbruksforhandlingane no i vår. Meir konkret betyr det at 2015 er siste året med statleg støtte til utbetring av klimabetinga vinterskade på eng.
6.mai 2015 deltok over 80 reiselivsaktørar på ein studietur i Lysefjorden for å bli kjent med kvarandre og kvarandre sine tilbod. Dei fekk innblikk i noko av det beste Lysefjorden kan tilby innan natur og reiseliv.
06.06.2015