Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det vanka mykje ros då Matmerk nyleg delte ut Spesialitet-merket til Skinka frå Suldal og Jæren Smak. Dette er eit kvalitetsmerke for norskprodusert mat og drikke.
22.05.2015
Over halvparten av den dyrka jorda i Klepp kommune har svært god jordkvalitet. Saman med godt klima, lang vekstsesong, driftige bønder og store samanhengande areal gjer dette Klepp til ein viktig kommune for matproduksjonen i landet.
19.05.2015
Rogaland omdisponerte 2049 dekar dyrka og dyrkbar jord i 2014. Omfanget er rekordhøgt og framleis høgast av alle fylke.
12.05.2015
Regjeringa har vedteke at naturtypen kystlynghei får status som utvald naturtype. Dette tyder at det skal leggast auka vekt på å ta vare på naturtypen gjennom berekraftig bruk. Dette er eit særleg viktig og positivt vedtak for Rogaland.
08.05.2015
Eit svært populært kurs med venteliste. 16 deltakarar fekk ny informasjon om bruk av sosiale medium for bedrifter og nyetablerarar. Sosiale media spreier bodskapen, aukar salet, gir kundane service og får tilbake kundar.
05.05.2015
12 kvinner og menn, hovudsakeleg frå Strand, Forsand og Hjelmeland, har deltatt på eit etablerarkurs over 6 kveldar på Tau. Entreprenørskap, skatt, moms, marknadsføring, prissetting og budsjettering har vore tema. Dette er det første etablerarkurset på 21 timar som skape.no nokon gong har halde.
Hefte om salsstader for økologisk mat i Rogaland har blitt for liten og kjem nå i større format. Det skjer mykje i Rogaland på omsetnadssida for tida, og fleire og fleire økologiske produsentar sel rett frå garden.
04.05.2015
Det er stor interesse for fruktdyrking i Rogaland og 30. mai blir det arrangert fruktsafari til Roald Voll og Marianne Kåsen på Ombo. Dei har ein av dei mest moderne frukthagane i Noreg. Bli med på fruktsafari og sjå det med eigne auge. Påmelding innan 28.mai.
03.05.2015
Korleis kan landbruket, og kontakt med dyr og natur gje meistring og helsegevinst? Noko av svaret får du på ein nasjonal konferanse på Clarion Hotel Energy i Stavanger 2. - 3. november 2015.
01.05.2015
Landbruksdirektoratet innskjerpar no ytterlegare kravet til kontroll og oppfølging av foryngingsplikta i skogbruket.
28.04.2015
Driveplikta og bruk av leigejord bidrar til å styrke jordvernet i Noreg. Dette går fram av ein rapport som nyleg er lagt fram av ei arbeidsgruppe leia av Landbruksdirektoratet.
22.04.2015
I uttalen på «Høring-NOU 2014: 15 Norsk Pelsdyrhold-bærekraftig utvikling eller styrt avvikling» er Fylkesmannen i Rogaland samd med fleirtalet i det regjeringsoppnemnde utvalet om ei berekraftg utvikling av pelsdyrnæringa og tiltak for å styrkja legitimiteten og konkurransekrafta.
20.04.2015