Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Skognæringa Kyst overleverte tysdag 27. oktober Infrastrukturprogrammet til statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og Matdepartementet. Infrastrukturprogrammet gir ei oversikt over nødvendige investeringar i infrastruktur for å unytte næringspotensialet i skogen langs kysten.
30.10.2015
Beitelaga er invitert til fagsamling den 4. og 5. november på Bryne. Det blir informert om fleire aktuelle tema, og det er sett av god til spørsmål og diskusjon. Så langt har over 50 personar meldt seg på.
Bønder i Rogaland melder tidvis om dårleg tilvekst hos på lam etter heimkomst frå fjellet. No leitar forskingsmiljøet etter årsakene og testar ut botemiddel.
23.10.2015
Klimaendringane skjer raskare enn det forskarane har trudd, derfor treng vi eit grønt skifte, i Noreg som i resten av verda. Det fastslo Alvhild Hedstein, administrerande direktør frå NIBIO under Særheimsdagen.
Det er innført nye krav til smittevern, føring av plantevernjournal og til lagring av mineralgjødsel i den reviderte standarden for kvalitetssystem i landbruket (KSL).
Turgåarar kan takke vekstbedriftene for at dei enkelt kan komme seg over eit gjerde eller ein steingard utan å slå seg, eller få rifter i kleda. Sidan 1993 har vekstbedrifter i Rogaland produsert minst 5 000 gjerdeklyvarar for landbruket. No, i friluftslivets år, fortener dei merksemd for den mangeårige innsatsen.
22.10.2015
Fylkesmannen har utarbeidd ein mal for utarbeiding av tiltaksstrategiar for tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.
21.10.2015
Hald deg oppdatert på kva som skjer innan økologisk!
19.10.2015
Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) har utført ein analyse av køyrekostnadar i mjølkeproduksjon som viser kor mykje «Dekk og Diesellandbruket» kostar for bonden.
Kald og våt vår har gjort det vanskeleg for enkelte bønder å oppfylle krav til beitetid som ligg i det generelle beitetilskotet. Fylkesmannen kan dispensere frå kravet, men berre i heilt spesielle tilfelle.
15.10.2015
Er du ein av dei som planlegg å søkje erstatning for avlingssvikt etter årets sesong – husk søknadsfrist den 31.oktober.
14.10.2015
2016 blir eit år der dei bedriftsretta landbruksmidlane til Innovasjon Norge Rogaland skal rettast mot storfeproduksjon. Først og fremst mot nye kufjøs, men også mot ammekufjøs. Vidare skal arbeidet med å betre vasskvaliteten intensiverast. Det blir opna for tilskot til nye gjødsellager på gardsbruk i utvalde område.