Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Landbruket treng føreseielege rammevilkår, og no håper vi ny gjødselvareforskrift snart blir landa. Landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg har i lang tid etterlyst ei avklaring av regelverket som set krav til bruk og lagring av husdyrgjødsel, forskrift om gjødselvarer av organisk opphav m.v.
20.04.2017
Spørsmålet blir stilt til eit breitt utval av matprodusentar og foredlingsbedrifter i Rogaland gjennom forprosjektet "Matverdi for Rogaland", og er basert på utsegn om at mat frå fylket ikkje viser godt nok igjen.
19.04.2017
Det er stor investeringslyst i Rogalandslandbruket også i 2017. Trass i strenge kriterium for tilskot gjennom Innovasjon Norge (IN), har det i første søknadsomgang kome søknader for ei investeringsramme på over ein halv milliard kroner.
Føretak som driv med planteproduksjon må ha årleg gjødslingsplan. Manglande eller mangelfull gjødslingsplan vil føre til avkorting av areal- og kulturlandskapstilskotet. Det kan fort bli unødvendig dyrt.
10.04.2017
Lurer du på kor mykje mjølk, eller kor mange kilo egg som blir produsert i Rogaland? Fylkesmannen har sett saman statistikk som viser omfanget av landbruksproduksjonen i fylket.
07.04.2017
Seminaret er ein inspirasjonsdag for alle som tek del i oppfølginga av Regional plan for vannforvaltning. Tilsette i kommunal landbruksforvaltning er midt i målgruppa.
06.04.2017
I følgje Landbruksdirektoratet har kvar tredje høne i Noreg adresse i Rogaland. 60 prosent av hønene bur i miljøbur, og dei resterande 40 prosent er frittgåande. No vil matvarekjedene ha egg frå frittgåande høner, og det kan bli dyrt for bøndene.
Vil du vite kvar produsentane med økologisk drift i din region held til? Eller kva dei dyrkar?
05.04.2017
Dagligvarehandelen auka omsettinga av økologiske produkt frå om lag 2 milliardar kroner i 2015 til nærmare 2,5 milliardar i 2016. Det utgjer 1,73 prosent av dagligvarehandelen. I 2011 låg omsetninga i dagligvarehandelen på om lag 1 milliardar kroner.
03.04.2017
Møtet 27. mars viste at bøndene i Dalane er på offensiven og ønsker å satse på både mjølk og ammeku. Noko av det viktigaste er at både bygg og produksjon er tilpassa garden sine ressursar.
31.03.2017
Teknologisk utvikling med auka bruk av biologiske, fornybare ressursar må til for å kunne produsere mat på ein meir berekraftig måte.
30.03.2017
Jordbruksføretak kan søkje om erstatning ved store avlingstap som føretaket ikkje kan sikre seg mot. Det kan søkjast om erstatning innanfor følgjande vekstgrupper: Grovfôr, korn, poteter, grønsaker, frukt og bær. I tillegg kan det søkjast om erstatning for svikt i honningproduksjon.
28.03.2017